Hopp til innhold

FJORD1 AS

Maskinsjef i 2:2 turnus, dagskift

Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Om stillingen

Arbeidssted
E39, BOKN, ROGALAND, NORGE
Stillingstype
Fast
Stillingsomfang
Heltid
Stillingstype
Maskinsjef
Fartøytype
MF
Turnus
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar.
Søknadsfrist
1. des. 2026
Antall stillinger
2
Fartsområde
sambandet Arsvågen–Mortavika

Stillingsbeskrivelse

Vi søker no etter ein maskinsjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.

Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av Fjord1. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.

Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som maskinsjef får du ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du har ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vert ein nøkkelperson for å halde høg driftssikkerheit i sambandet. Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skapar eit godt fellesskap. 

Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt blir avtalt nærare.

Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. 
    Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

    Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

Kvalifikasjonar

Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår. 

  • Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av Fjord1. 

  • Ein kan bu ombord i arbeidsperioden.

  • Treningsrom om bord i fartøyet.

  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.

  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Arbeidssted


5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon:

Referansenr.: 5211293328

\

Krav og kvalifikasjoner

Kravene gjengir annonsørens opplysninger og brukes ikke til å godkjenne eller avvise søknader i Marvatis.

Påkrevde kvalifikasjoner

  • Kompetansesertifikat M1

    Maskinoffiser klasse 1

    Maskinsjef

  • Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta

    Grunnleggende sikkerhetsopplæring – kursbevis

    Maskinsjef

  • Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF

    Ferdighetssertifikat – IGF videregående

    Maskinsjef

  • Krise- og passasjerhandtering

    Passasjer- og krisehåndtering – kursbevis

    Maskinsjef

  • FSE

    FSE lavspenning – kursbevis

    Maskinsjef

  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

    norsk eller dansk eller svensk · Muntlig: Mellomnivå · Skriftlig: Mellomnivå

Om arbeidsgiveren

Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! 

Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Kontaktpersoner

Slik søker du

Annonsen er hentet fra NAV. Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Neste mulighet

Få varsel om relevante stillinger

Opprett en gratis profil i Marvatis og abonner på relevante stillinger. Her kan du også samle sertifikater, kurs og fartstid og lage din maritime CV.

Opprett gratis profil

Har du allerede en profil? Logg inn

← Alle stillinger