FJORD1 AS
Matros til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn
Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Publisert
Om stillingen
- Arbeidssted
- Strandkaien 15, BERGEN, VESTLAND, NORGE
- Stillingstype
- Fast
- Stillingsomfang
- Heltid
- Stillingstype
- Matros
- Fartøytype
- hurtigbåtane
- Turnus
- Turnus: 1 veke på og 2 veker fri. Ein periode med 2 veker på og 4 veker fri om sommaren.
- Søknadsfrist
- 9. des. 2026
- Antall stillinger
- 1
- Fartsområde
- mellom Bergen, Nordfjord og Sogn
Stillingsbeskrivelse
Vi i Fjord1 er både stolte og glade over å få hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn tilbake til oss.
I samband med oppstart av ny kontrakt søker vi no etter ein matros som vil bli ein del av mannskapet om bord på hurtigbåtane på desse rutene.
Turnus er 1 veke på jobb og 2 veker fri - perfekt for deg som ønsker ein god balanse mellom jobb og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.
På denne ruta får du oppleve noko av dei flottaste områda og naturen Vestlandet har å by på, samtidig som du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Vi tek over drifta av ruta 1.desember.
Vi tilset fortløpande. O****ppstartstidspunkt blir avtalt nærare.
Arbeidsoppgåver
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen for den aktuelle rolla.
Kvalifikasjonar
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og løysingsorientert. Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Samtidig tek du ansvar, arbeider sjølvstendig og har fokus på tryggleik og kvalitet.
Vi tilbyr
-
Lønn vert gitt etter overenskomst.
-
Turnus: 1 veke på og 2 veker fri. Ein periode med 2 veker på og 4 veker fri om sommaren.
-
Hybelordning i arbeidsperioden.
-
Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
-
Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
-
Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
Nøkkelinformasjon:
Referansenr.: 5215228986
\
Krav og kvalifikasjoner
Kravene gjengir annonsørens opplysninger og brukes ikke til å godkjenne eller avvise søknader i Marvatis.
Påkrevde kvalifikasjoner
- Ferdighetsertifikat matros
Ferdighetssertifikat matros
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
Grunnleggende sikkerhetsopplæring – kursbevis
- Krise- og passasjerhåndteringskurs
Passasjer- og krisehåndtering – kursbevis
Helseerklæring
- Gyldig helseerklæring for sjøfolk
Marvatis samler ikke inn helseopplysninger. Arbeidsgiveren kontrollerer dette før oppstart.
Om arbeidsgiveren
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Kontaktpersoner
Benedicte Ellingsen
Rekrutteringsmedarbeider
Slik søker du
Annonsen er hentet fra NAV. Du søker hos den opprinnelige annonsøren.
Neste mulighet
Få varsel om relevante stillinger
Opprett en gratis profil i Marvatis og abonner på relevante stillinger. Her kan du også samle sertifikater, kurs og fartstid og lage din maritime CV.
Har du allerede en profil? Logg inn