Hopp til innhold

FJORD1 AS

Maskinsjef/Maskinpasser i Askvoll-Gjervik-Fure, p.t. MF Davik

Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Om stillingen

Arbeidssted
ASKVOLL, VESTLAND, NORGE
Stillingstype
Fast
Stillingsomfang
Heltid
Stillingstype
Maskinsjef; maskinpassar
Turnus
Døgnskift, 2 veker på - 1 veke av, 2 veker på - 3 veker av
Søknadsfrist
25. nov. 2026
Antall stillinger
1
Fartsområde
Askvoll-Gjervik-Fure

Stillingsbeskrivelse

Brenn du for maskinteknikk? Som maskinsjef på MF Davik får du ei nøkkelrolle i å sikre effektiv og påliteleg drift på sambandet Askvoll-Gjervik-Fure.

Her får du lange friperiodar til familie og fritid. Her får du ein fagleg utfordrande men meiningsfylt jobb. Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø, teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar. Det er fordelaktiv om du er maskinsjef, men tilsetting av maskinpassar kan også vere aktuelt. 

Fjord1 har hybelleilegheit i Askvoll som kan disponerast mellom vakter. Reise første og siste dag kvar skiftperiode vert delvis dekka.

Kvifor bør du søke?

  • Du blir ein nøkkelperson i eit team som bidrar til at samfunnet går rundt.

  • Fleksibel skiftordning.

  • Du blir ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer.

  • Karrieremoglegheiter: Du vil få arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid.

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav

  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem

  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden

  • Sørge for opplæring av personell under si leiing

  • Oppgåver knytt til alarminstruks

  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt

  • Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar

  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn

  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav

  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde

  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert

  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid

  • Godt humør

  • God kommunikasjonsevne

  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og DNMF

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.

  • Gode velferdsordningar

  • Tilgang på hybel

  • Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på - 1 veke av, 2 veker på - 3 veker av

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5159842483

\

Krav og kvalifikasjoner

Kravene gjengir annonsørens opplysninger og brukes ikke til å godkjenne eller avvise søknader i Marvatis.

Påkrevde kvalifikasjoner

  • Må som minimum kunne mønstre som skipsmotormekaniker/motormann

    Ferdighetssertifikat skipsmotormekaniker

    minimum

Andre krav

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Du må vere kvalifisert til å sitte bruvakt
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Om arbeidsgiveren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Kontaktpersoner

Slik søker du

Annonsen er hentet fra NAV. Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Neste mulighet

Få varsel om relevante stillinger

Opprett en gratis profil i Marvatis og abonner på relevante stillinger. Her kan du også samle sertifikater, kurs og fartstid og lage din maritime CV.

Opprett gratis profil

Har du allerede en profil? Logg inn

← Alle stillinger