Hopp til innhold

FJORD1 AS

Maskinsjef ressursgruppe Sogn og Fjordane

Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Om stillingen

Arbeidssted
Måløy
Stillingstype
Fast
Stillingsomfang
Heltid
Stillingstype
Maskinsjef
Fartøytype
ferje
Turnus
2 veker arbeid og 2 veker fri, evt 3 veker arbeid og 3 veker fri
Søknadsfrist
30. nov. 2026
Fartsområde
Sogn og Fjordane

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i ressursgruppe til samband i Sogn og Fjordane

I denne stillinga vil du ha arbeid på reserveferjene Gulen, Sognefjord og Bjørnsund.  I tillegg vil det vere aktuelt å jobbe på ferjene i Nordfjord, Ytre Sogn og Askvoll.

Du får fast turnus og grunnlønn.

Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 71-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.

Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef. Du må kunne tilpasse deg endringar og nye situasjonar, og ha evna til å ta raske og gode avgjerder når det trengst.
For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 30 km mellom arbeidsstad og bustad.

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.

Kvalifikasjonar

Fjord1 dekker kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stilliinga.

Personlege eigenskapar

Vi søker en dyktig og engasjert maskinsjef som trives med ansvar og har en lidenskap for drift og vedlikehold av maskineri. Du må ha teknisk innsikt, gode lederegenskaper og evnen til å sikre effektiv og trygg drift om bord.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Det Norske Maskinistforbund
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Ein bur ombord når ein er på vakt, og får dekka reisekostnader til og frå arbeid over 30 km

Krav og kvalifikasjoner

Kravene gjengir annonsørens opplysninger og brukes ikke til å godkjenne eller avvise søknader i Marvatis.

Påkrevde kvalifikasjoner

  • Minimum M3

    Maskinoffiser klasse 3

    Dekkes også av: Maskinoffiser klasse 1, Maskinoffiser klasse 2

  • FSE e-læringskurs

    FSE lavspenning – kursbevis

  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta

    Grunnleggende sikkerhetsopplæring – kursbevis

  • Krise- og passasjerhandtering

    Passasjer- og krisehåndtering – kursbevis

  • Gyldig helseerklæring

    Helseattest for sjøfolk

  • Skandinaviske språkkunnskaper munnleg og skriftleg

    norsk eller dansk eller svensk · Muntlig: Mellomnivå · Skriftlig: Mellomnivå

Slik søker du

Annonsen er hentet fra arbeidsgiverens karriereside. Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Neste mulighet

Få varsel om relevante stillinger

Opprett en gratis profil i Marvatis og abonner på relevante stillinger. Her kan du også samle sertifikater, kurs og fartstid og lage din maritime CV.

Opprett gratis profil

Har du allerede en profil? Logg inn

← Alle stillinger