FJORD1 AS
Navigatørar - Open Søknad
Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Om stillingen
- Stillingstype
- Vikar, Engasjement, Fast
- Stillingsomfang
- Deltid, Heiltid
- Stillingstype
- Navigatørar
- Fartøytype
- ferge
- Søknadsfrist
- Snarast
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!
Er du navigatør og ynskjer jobb på ferge? Her kan du legge inn ein open jobbsøknad - gjeld både deg som ønskjer å vikariere og deg som er på leit etter fast arbeid/lengre vikariat. Dersom du er ein aktuell kandidat og vi ikkje har ei ledig stilling akkurat no, vil vi lagre søknaden din og ta kontakt dersom det dukker opp ei passande stilling.
For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:
- Kor i landet du ønskjer å jobbe
- Kor ofte du ønskjer å jobbe
- Legg ved kompetanse og kvalifikasjonar i søknaden
Alle søknadar blir behandla fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leie dekksavdelinga og sikre effektiv drift
- Vere avløysar for skipsførar ved behov
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001
- Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
- Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsførar ikkje er tilgjengeleg
- Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
- Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet
- Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
- Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
- Kontrollere at kommunikasjonsutstyret fungerer som det skal
- Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer
- Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet
Kven ser vi etter?
For å jobbe som navigatør må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:
For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Som tilsett i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Offisersforbund. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.
Vi ser fram til å sjå søknaden din!
Krav og kvalifikasjoner
Kravene gjengir annonsørens opplysninger og brukes ikke til å godkjenne eller avvise søknader i Marvatis.
Påkrevde kvalifikasjoner
- Minimum D4-sertifikat
Dekksoffiser klasse 4
Dekkes også av: Dekksoffiser klasse 1, Dekksoffiser klasse 2, Dekksoffiser klasse 3
- ROC/GMDSS-sertifikat
Restricted Operator’s Certificate (ROC)
Dekkes også av: General Operator’s Certificate (GOC)
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
Grunnleggende sikkerhetsopplæring – kursbevis
- Krise-og passasjerhandtering
Passasjer- og krisehåndtering – kursbevis
- Gyldig helseattest
Helseattest for sjøfolk
Andre krav
- Nordiske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
Slik søker du
Annonsen er hentet fra arbeidsgiverens karriereside. Du søker hos den opprinnelige annonsøren.
Neste mulighet
Få varsel om relevante stillinger
Opprett en gratis profil i Marvatis og abonner på relevante stillinger. Her kan du også samle sertifikater, kurs og fartstid og lage din maritime CV.
Har du allerede en profil? Logg inn