Hopp til innhold

HAVYARD LEIRVIK AS

Planleggar

Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Om stillingen

Arbeidssted
Bøfjordvegen, LEIRVIK I SOGN, HYLLESTAD, VESTLAND, NORGE
Stillingstype
Annet
Stillingsomfang
Heltid
Stillingstype
Planleggar
Søknadsfrist
Ikke oppgitt
Antall stillinger
1

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsoppgåver

Som planleggar hos Tersan Havyard vil du vere ein nøkkelperson i prosjektgjennomføringa. Du bidrar til å skape oversikt, struktur og framdrift på tvers av fag og avdelingar.

  • Etablere, vedlikehalde og følgje opp prosjektplanar og timebudsjett for dei ulike produksjonsdisiplinane.
  • Utføre trendanalysar og aktivt evaluere framdrift i produksjonen.
  • Rapportere framdrift og timeforbruk i samsvar med byggestatus.
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av malar, metodar, prosedyrar og verktøy innan planlegging.
  • Samarbeide tett med prosjektleiarar, avdelingsleiarar og produksjon for å sikre rett styringsinformasjon.
  • Aktivt bidra til samarbeid og sterke relasjonar på tvers av organisasjonen

Kvalifikasjoner

  • Erfaring som planleggar eller prosjektplanleggar – gjerne frå maritim, fornybar, olje/gass eller bygg/anlegg.
  • Høgare teknisk utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning).
  • Erfaring med OPC eller andre planleggingsverktøy 
  • God forståing for prosjektstyring, framdriftsanalyse og ressursplanlegging.

Personlege eigenskapar

  • Proaktiv, strukturert og sjølvgåande.
  • Analytisk og nøyaktig, med evne til å sjå heilskapen i prosjektet.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å påverke og støtte andre fagområde.
  • Positiv, løysingsorientert og engasjert i kontinuerleg forbetring

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i eit sterkt og tverrfagleg planleggingsteam.
  • Varierte prosjekt i eit internasjonalt skipsverftsmiljø.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad av arbeidsmetodikk.
  • Konkurransedyktige vilkår og eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.

Stillingen er underlagt VP Production.

Søknadar vil bli vurdert fortløpande.

For meir informasjon kontakt Planleggingssjef Robert Borlaug; 906 27 732

Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!

Les meir om Tersan Havyard her

Nyskjerring på korleis det er å bu og arbeide i Hyllestad, les meir her

Krav og kvalifikasjoner

Kravene gjengir annonsørens opplysninger og brukes ikke til å godkjenne eller avvise søknader i Marvatis.

Ønskede kvalifikasjoner

  • Meget gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg

    norsk · Muntlig: Avansert · Skriftlig: Avansert

  • Meget gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg

    engelsk · Muntlig: Avansert · Skriftlig: Avansert

Om arbeidsgiveren

Gjennom generasjoner har godt handverk vært vårt varemerke, og våre løsninger reduserer utslipp og øker levetid på skip og utstyr. Med innebygd tørrdokk og 220 løpemeter med kai handterer vi 3-6 prosjekter parallelt av ulike størrelser, fra mindre servicer og vedlikehold til større nybygg

Kontaktpersoner

Slik søker du

Annonsen er hentet fra NAV. Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Neste mulighet

Få varsel om relevante stillinger

Opprett en gratis profil i Marvatis og abonner på relevante stillinger. Her kan du også samle sertifikater, kurs og fartstid og lage din maritime CV.

Opprett gratis profil

Har du allerede en profil? Logg inn

← Alle stillinger