FJORD1 AS
Maskinsjef Stårheim-Isane, pt. MF Selje
Du søker hos den opprinnelige annonsøren.

Om stillingen
- Arbeidssted
- Stårheim
- Stillingstype
- Fast
- Stillingsomfang
- Heltid
- Stillingstype
- Maskinsjef
- Fartøytype
- ferge
- Turnus
- Døgnskift med 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av.
- Søknadsfrist
- 2. des. 2026
- Fartsområde
- Isane-Stårheim
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef på sambandet Isane-Stårheim.
Ein fleksibel og familievennleg turnus. Vi tilbyr også konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Frå 2027 kjem ei nyare ferge inn, og sambandet går over på elektrisk drift. Du får dermed moglegheita til å vere med på ein spennande overgangsfase.
Søkar bør bu innan ein time frå sambandet.
Arbeidsoppgåver
-
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. -
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
-
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein sjølvstendig, og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Offisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferd og- pensjonsordningar
Krav og kvalifikasjoner
Kravene gjengir annonsørens opplysninger og brukes ikke til å godkjenne eller avvise søknader i Marvatis.
Påkrevde kvalifikasjoner
- Minimum M3-sertifikat eller M4 med dokumentert 6 mnd fartstid etter utstedelse av M4 samt fullført Fagskule
Maskinoffiser klasse 4
Dekkes også av: Maskinoffiser klasse 1, Maskinoffiser klasse 2, Maskinoffiser klasse 3
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
Grunnleggende sikkerhetsopplæring – kursbevis
- Krise- og passasjerhandtering
Passasjer- og krisehåndtering – kursbevis
- Gyldig helseerklæring
Helseattest for sjøfolk
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
norsk eller dansk eller svensk · Muntlig: Mellomnivå · Skriftlig: Mellomnivå
Slik søker du
Annonsen er hentet fra arbeidsgiverens karriereside. Du søker hos den opprinnelige annonsøren.
Neste mulighet
Få varsel om relevante stillinger
Opprett en gratis profil i Marvatis og abonner på relevante stillinger. Her kan du også samle sertifikater, kurs og fartstid og lage din maritime CV.
Har du allerede en profil? Logg inn